Om Spring

press to zoom
IMG_20210223_123532_101
IMG_20210223_123532_101

press to zoom

press to zoom
1/2
IMG_3299
IMG_3299

press to zoom
IMG_3298
IMG_3298

press to zoom
20201016_093920
20201016_093920

press to zoom
IMG_3299
IMG_3299

press to zoom
1/10

Sommaren 2019

 

Sommaren 2019 var Calum på ferie i alpane, og traff fleire folk frå skandinavia som var på springetur frå bygd til bygd. Medan dei sprang, så vart bagasjen deira frakta få hotell til hotell. Calum byrja å gruble. Kvifor var det ingen moglegheit til å gjere dette i Noreg? Tilbake i Noreg klarte han ikkje å leggje frå seg ideen. Tenk å kunne springe frå bygd til bygd over fjella, og få bagasjen frakta til destinasjonen. Det finst jo ikkje nokon bedre destinasjon for dette enn Sogn. 

Sommaren 2020

Sommaren vart brukt til å studere kart, snakke med dei lokale om kva stiar som var gode, og teste ruter. Me snakka med potensielle samarbeidspartnarar, og fekk Innovasjon Noreg med på laget.

Våren 2020

Ideen fekk modna seg over vinteren, til ein global pandemi traff oss i mars, og landet stoppa opp. Calum, Adam, Sebastian og Vegard hadde snakka om ideen, og no stod plutseleg alle hotell, båtar, tog etc. bygd for turismen ubrukt.

 

Det blei heilt tydeleg at det var behov for eit meir kortreist tilbod for nordmenn. Kvifor skal ein reise heilt til Alpane for å springe, når me kan lage eit vel så bra tilbod her? 

Hausten 2020

Endå meir kartstudiar, testing av ruter, og planlegging med samarbeidspartnarar. I oktober gjennomførte me ein vellykka testtur i Aurland, og landa på at dette var den første turen me ville lansere, etterfulgt av Luster.

IMG_20210223_133355_944
IMG_20210223_133355_944

press to zoom
IMG_20210223_133606_102
IMG_20210223_133606_102

press to zoom
IMG_20210223_133545_415
IMG_20210223_133545_415

press to zoom
IMG_20210223_133355_944
IMG_20210223_133355_944

press to zoom
1/3

Vår 2021

Me er klare. Me har laga eit unikt produkt, som me gler oss veldig til å vise fram!

Om menneska bak

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_210.jpg

Vegard Aasen

The Camera Guy.

Vegard hatar å bli kalla "the camera guy", men så har han tatt alle bileta på heimesida, så me kallar han det likevel. Likar å spinge i fotballsokkar.

Vegard vaks opp midt i den populære turistdestinasjonen Solvorn, startpunktet for vår Lustrafjord-rute (les meir her). Store delar av livet har han kosa seg i naturen, og då spesielt i Vestlandsfjella. Anten det er susande nedover på ski eller med springeskoa på beina, har Vegard ei unik kunnskap om kvar dei skjulte perlene er. I 2021 vart han òg kåra til Noregs Beste Naturfotograf, så ver du trygg på at rutene er laga av ein med auge for det estetiske og med omsorg for naturen.

Smoerstabbreen (40).jpg

Calum Macintyre

The Route Testing Guy.

Calum brukar veldig mykje tid på å sjå på kart, og gløymer å trene. Han klarar likevel å spinne irriterande langt og fort.

Calum sitt første møte med norsk natur fann stad då han var 2 år. Foreldra tok han med frå Skottland til Sjusjøen, og sidan den gong har Noreg hatt ein plass i det skotske hjartet hans. I 2016 flytta han til Sogndal og har sidan då nytt alt fjellet har å by på. Calum har bygd opp rutene saman med Vegard og er ein av Spring-guidane våre. Med lunt humør og nysgjerrigheita til ein eventyrar er Calum klar for å vise deg kva Sogn har å by på.

Sebastian_8.jpg

Sebastian Øyrehagen

The Business Guy. 

Den einaste springing denne guten gjer er etter ein ball på fotballbana.

Sebastian er Oslo-guten som elskar Sogn! Med utdanning frå Sogn har han jobba med skreddarsydde opplevings- og luksusreiser i Skandinavia og Baltikum, og med sitt breie og internasjonale nettverk er han alltid oppdatert når det gjeld opplevingar og overnattingar. Med andre ord veit Sebastian kva som trengst for å lage ei lokal oppleving på verdsnivå. No er han klar for å gjere Spring til den vakraste reisa du nokon gong har vore med på!

Styggedalstindane (61).JPG

Adam Gairns

The No Job Title Guy 

Adam gjer all jobben som dei andre fløyer å gjere, og det er ganske mykje. Han spring til han får vondt i knea, som stort sett ei ein stad mellom 5km og 30km.

Adam oppdaga Noreg då han vitja Calum i Sogndal, og straks fann han ut at det var her han måtte busetje seg. Som sagt, så gjort, og no har Adam budd i Sogndal dei siste tre åra. Desse åra har han nytta godt ved å utforske dei norske fjella, men òg kystlinja. Adam er nemleg ein svært habil surfar. I Skottland var han ein surfeguide, men det var i Noreg han oppdaga gleda av å springe i fjella. No ynskjer han å pare erfaringa frå guide-yrket med lidenskapen for springing.