Aurland - eit 4 dagars eventyr

4 dagar med springing

4 dagar med variert springing - for det meste på sti. Denne ruta tek deg på fjellryggar over fjorden, gjennom den djupe Aurlandsdalen, og over fjellet frå Finse til Steinbergdalshytta.  

100 kilometer

Etappane er om lag 25 km. Ein dag har mest nedoverbakke, ein annan har 1200 høgdemeter stigning. Dagane er varierte, slik at du får eit spanande eventyr!

4 Netter

Me er veldig glad for å samarbeide med Flåmsbrygga, Aurland 29/2, og Steinbergdalshytta på denne turen. Dei tilbyr alle noko spesielt, og er perfekte stader for å slappe av etter ein dag med springing.

Båt og tog

Dette er ein av tinga som gjer denne ruta unik! For å komme deg rundt til rutene vil du benytte deg av både tog og RIB. Når det først er nødvendig med transport for å komme seg til rutene, så vil me gjere dette til ei oppleving!

flam%20roundtraip_edited.jpg

START I FLÅM

Velkomen til Flåm!

Me vil møte deg på Flåmsbrygga Hotell. Her kjem me til å vere tilstades under middagen, som vert servert 19:30. Saman tek me ein gjennomgang av ruta og førebur dykk på eventyret i vente. Flåm er enkelt å kome til, anten med bil eller med tog i frå både Bergen og Oslo. Flåmsbrygga ligg omlag hundre meter unna tog- og busstasjonen.

Du bur hjå: Flåmsbrygga Hotell.

Måltid: Middag.

FLAM%20DAY%201_edited.jpg
Flåmsbrygga - Ann-Kristin Lyngtu Svorte

DAG 1

Etter frukost hoppar du på toget som tek deg til Finse. Om du ikkje har kjøyrt Flåmsbana før kan me love deg ein kul togoppleving! Nytt tida til å sjå utsikta Flåm har å by på. Finse ligg 1200 moh, og det er her springeturen startar. Ruta er ganske så flat og i løpet av turen vil du ha hatt ein stigning på omlag 400 meter, ein perfekt første etappe.

 

Det er heller ikkje noko tidsbegrensing på turen i dag, dermed kan du ta deg god tid med å nå Steindalsberghytta. Me anbefalar å stoppe her og der, om ikkje anna enn for å nyte omgjevnadane dine. Spring fraktar bagasjen fra Flåm for deg, alt vil vere på plass innan du når fram til hytta.

Du bur hjå: Steinbergdalshytta.

Måltid: Frukost, lunsj og middag.

flam%20day%202_edited.jpg
Spring_Luster_0.jpg

DAG 2

Etter ein natt 1100 moh, byrjar nedstigningen mot fjorden og Aurland 29|2. Ruta tek deg gjennom Aurlandsdalen, ein dal spekka med fossar og små fjellgårdar. Det er ikkje utan grunn at «bergtatt» er ordet dei fleste forbinder med dalen, det vil du snart få sjå sjølv. Den einaste tidsfrista du treng å forhalde deg til i dag er 17:00. Då vert det nemleg servert afternoon tea hjå Aurland 29|2, ein perfekt kosestund etter ein god springeøkt. Dei neste to nettene vil vere på Aurland 29|2.

Du bur hjå: Aurland 29|2.

Måltid: Frukost, lunsj, afternoon tea og middag.

flam%20day%203_edited.jpg
JoarsJaktogVillmat_16.jpeg

DAG 3

Denne ruta har me hatt det artig med, og ho er noko heilt spesielt. Start dagen med ein RIB-tur langs Aurlandsfjorden. Me er avhengig av båt for å kome til startpunktet. Ruta startar med ein bratt stigning før du kjem til fjellgården Nedbergo, med ein fantastisk utsikt over fjorden. På omlag 1200 m.o.h er du på rutas høgaste punkt. Herfrå spring du nedover mot stølsysteriet i Skjerdal. Me har lagt inn ei kvilepause her, så då har du molegheit til å prøve dei lokale geitostprodukta. Den siste delen av ruta er på sju kilometer og me reknar med at det er eit par slitne bein no. Difor får man valet om å springe den siste delen av ruta, eller bli kjørt attende til Aurland 29|2. Resten av kvelden kan du bruke til å kose deg hjå 29|2.

Du bur hjå: Aurland 29|2.

Måltid: Frukost, lunsj, afternoon tea og middag.

_edited.jpg
Lærdalsfjorden3.jpg

DAG 4

Etter å ha budd ei natt til på Aurland 29/2 har du eit valg for den siste dagen. Du kan anten ta ein kviledag og reise tilbake til bilen eller toget i Flåm når du vil, eller ein siste springedag. Turen startar frå døra ved Aurland 29/2. Det vert nokre kilometer på veg før stien startar. Stien går bratt opp til Tvenningaberget, med ein nydeleg utsikt over Aurlandsfjorden, før den går ned att i Flåm. Du avsluttar der du byrja, og får med deg bagasjen frå Flåmsbrygga. Ein perfekt avslutning på eit skikkeleg Spring-eventyr!

Måltid: Frukost og lunsj.

fla%CC%8Am%20day%205_edited.jpg
Kaupanger_Solvorn_4_edited.jpg

DETALJAR

Testimonials

Julia, Sverige

"I joined one of the test trips in Aurland and loved the combination of cool running trails, good food and nice accomodation. The highlight for me was taking the boat out over the fjord and running the remote trail over the mountains back to town!"

Kristoffer, Danmark

"My favourite part of the weekend was a long day out running and getting back to the viking platter at Flåmsbrygga! I really enjoyed combining the train and the boat to access the best trails too."

Guida/Utan guide

  • Om du vel ein guida tur vil ein erfaren springeguide vere med på turen, og sørge for at alt går heilt smertefritt. De vil og få teknikktips, og andre gode råd undervegs.

  • Ein tur utan guide betyr at de må ta vare på dykk sjølv på turen. Bagasjetransport er sjølvsagt inkludert.  

  • Du vil få med deg ein grundig rutebeskrivelse, estimert tidsbruk for springeturane, ein GPS-tracker og tovegs sattelittkommunikasjon på turen. 

  • For å velje ein tur utan guide må du ha tidlegare erfaring med å springe i fjellet.

Prisar

Utan guide

KR. 16 100,- per person

Guida

KR. 18 900,- per person

  • Inkludert alle overnatting og måltid som beskrive i dag til dag programmet.  

  • Ikkje inkludert transport til og fram til Flåm.

  • Du kan køyra elles ta tog til Flåm. Billettar kjøper du på www.vy.no